Garden Åkre er lokalisert på vestsida av Sørfjorden i Ullensvang Herad i Hardanger og nyt godt av det milde og fine vestlandsklimaet her.
Garden ligg optimalt plassert for å produsera dei beste epla for ein syrlig, frisk og balansert eplemost og sider. Garden vert i dag dreven av Arita & Gjermund Åkre, og med god hjelp av seniorgenerasjonen - Marit & Olav.
På garden har det opp gjennom tida vore produksjon av både frukt og kjøt, men i dag er hovedfokus på produksjon av eplemost og sider.
Kvalitet, smaksoppleving, kortreiset, økologisk, naturleg og elegant er nokre av nøkkelorda når produkta våre vert til, og me håpar og trur det kjennest att på smaken.
Product portefølje
Ein smaksopplevelse
med ekte råvarer frå
Garden Åkre i Hardanger
Produkt
Når epla er klare for henting utpå hausten, vert produksjonsutstyr på Åkre klargjort for ei intensiv og spanande tid. Epla kjem frå eigen produksjon eller frå gode naboar i distriktet.
Epla vert varsamt mottatt, sortert og vaska før dei er klare for å bli omgjort frå eple til søt og frisk eplemost. Eplemosten vert produsert i reine eplesortar for å bevara særpreget til dei ulike sortane – Aroma, Discovery, Gravenstein, Idun, Karen Schneider osv.
Eplemosten vert pasteurisert før han vert tappa på flasker. Her er det inga tilsetjingar, bare rein og frisk eplemost.
Dei beste epla som vert valde som råstoff for eplesideren vert tappa på gjæringskar så fort dei er omgjort til eplemost. Der vil mosten stå nokre månader under god kontroll slik at eplemosten sakte, men sikkert endrar seg til ein aromatisk, frisk, tørr og perlande eplesider.
Sider fra Hardanger (Hardangersider):
I år 2020, starta åkre gard med sidersmaking på et smaksrom, der du omringet av fruktdestilater i franske og amerikanske eikefat, kan du nyte smaking av forkjellige siderprodukter (Siderrute i Hardanger). Sidersmaking kan du bestille ved å ta kontakt med oss, mens gårdsutsalg kan du handle uten avtale innen gitte åpningstidene.
Under fylgjer det meir utfyllande smaksnotater av dei ulike produkta.
Kontakt
Enten du er tilfeldig passerande privatperson eller HORECA kunde som ynskjer å sjå nærare på produkta våre, er alle hjarteleg velkomne til å vitja oss eller senda ei hyggeleg melding. Her får du via bestilling på forkant sidersmaking av de beste eplesortene som dyrkes på garden og i Hardanger.
Kartet syner kor mer er lokalisert og felta under er til for å ta kontakt.